Valle Sparebank
Valle Sparebank er ein liten, sjølvstendig og særs solid sparebank, stifta 24. mars 1866 i Valle, der hovudkontoret framleis ligg.
Forvaltningskapital
Banken sin forvaltningskapital pr.31.12.07 er på 1.026 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 19,21% (styresmaktene sine krav er på 8%). Banken har kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Ein filial ligg på Rysstad, og eit avdelingskontor i Kristiansand.
Banken dekker dei fleste banktenester, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving.
Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå Valle Sparebank si gåvetildeling 2010.
Tilknytning
Saman med 77 andre norske sjølvstendige sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Terra-Gruppen AS.
Tilsette
Valle Sparebank har 17 tilsette. Dei utfører i underkant av 14 årsverk. Administrerande banksjef er Vidar H. Homme. I staben har han med seg depotansvarleg Bjørg Åkre, rekneskapsansvarleg Anne-Gunn Homme Paulsen og IT- og driftsansvarleg Kåre Rike. Elles jobbar avdelingsleiar daglegbank Anette Uppstad saman med daglegbankmedarbeidarane Ingebjørg Helle Haugen, Margit Homme, Karen Marie Rike Lund, Ingvill Nomeland, Kari Brottveit Rysstad og Ingunn Åkre Uppstad. Avdelingsleiar sal og rådgjeving i Valle Helga Jonny B. Kjelleberg har med seg kunderådgjevarane Toril Dale, Gro Haatveit Hovet og Erling Sagneskar, og på avdelingskontoret i Kristiansand arbeider avdelingsleiar sal og rådgjeving i Kristiansand Torleiv Hovet og kunderådgjevar Tor Arild Rysstad.