Uppstad
Uppstad er ei grend i Valle kommune, lengst nord i Hylestad. Her er det ca 10 hus.
Vegene på Uppstad er Riksveg 9, Uppstadvegen, ein veg driven av Otra Kraft, Støyledalsvegen og Dalstøylvegen.
Elver på Uppstad er Otra, Kåvåne, Kallefossåne og Hylestalsåne. Dei to siste møtes ved vegbommen til Støyledalsvegen / Dalstøylvegen og renn som Kåvåne videre ned i Otra ved Kåvenes nederst ved Uppstadvegen.
Gardene på Uppstad kategoriseres i oppgardan og nedgardan som var ein halvpart kvar av gardens skinnskyld på 4 huder, og i tillegg reikner ein gjerne med Neset. Fram til slutten av 1800-talet når skylddelinger vart meir vanlig så var oppgardan delt i dei tre gardene Der Nede, Der Hite og Oppigard, mens nedgardan var delt i dei tre gardene Der Heime, Der Nord og Bnr 2.