Hopp til innhald

Murtetjønn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. juli 2015 kl. 12:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til hoh. på vannet)
Murtetjønn med Fv-42 i bakgrunnen.

Murtetjønn (367 moh.) er eit lite vatn på heia ved Tveit i Hornnes vest i Evje og Hornnes kommune. Vatnet ligg på venstre side (sørsida) på toppen av dei bratte Tveite-kleivane når ein køyrer Fylkesveg 42 mellom Hornnes og Sveindal. Ut av tjønna renn ein liten bekk som lenger nede i terrenget renn ut i Kjetsåna. Tjønna drenerer såleis til Otra.

På austsida av tjønna går Murtetjønnvegen inn til dei mange hyttene som ligg i området. Rundt tjønna er det også dyrka opp fleire fine åkrar for grasproduksjon.

Kart

Laster kart ...