Olaf G. Abusdal
Olaf Gunnarson Abusdal (Ola Breidablik) (fødd 28. mai 1864 på Abusdal i Hornnes, død 1920 på Byglandsfjord], var rudkall og handelsmann på Byglandsfjord. Han var gift med Kari O. Abusdal (fødd Faret) frå Hornnes.
Først var Olaf Abusdal handelsmann hos faren Gunnar O. Abusdal i Dåsnes i Hornnes. Men i 1893 flytta han nokre kilometer nordover til Byglandsfjord saman med familien. Dei slo seg ned i huset Breidablikk som faren hadde fått sett opp. I Breidablikk tok Olaf eit rom i bruk til handel, og eit handelsfirma vart registrert i 1894. Samstundes tok han til å bygge brygge attmed huset. Brygga blei snart dampskipsbrygge. Turisttrafikken langs Setesdal og forbi Byglandsfjord auka sterkt i desse tidene, og huset Breidablikk blei med tida meir og meir nytta som hotell. Omsetninga i landhandelen auka også kraftig, og Abusdal fann det nødvendig å sette opp eit nytt hus på austsida av Setesdalsvegen.
Olaf Abusdal døydde i 1920.
Kjelder
- Sigurd Abusdal, Or soga om Byglandsfjord, artikkel i Jol i Setesdal, 1987, s. 29-32