Nordåni småkraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. desember 2014 kl. 22:21 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftstasjonen i 2013, med Bygland frivilligsentral på tur.

Nordåni småkraftverk er eit vasskraftverk på Jordalsbø i Bygland. Det nyttar ein netto fallhøgde i elva Nordåne på 170 meter, og vatnet vert leia i ei 1700-1800 meter lang røyrgate. Kraftverket har ikkje eit eige magasin, men nyttar vatnet i elva. Det kan maksimalt levera 1200 kW, med ein produksjon på 4,5GWh. Nordåni småkraftverk har ein vertikal Pelton-turbin, med ein yteevne på 1320 kW.

Fem lokale grunneigarar eig småkraftverket, som kosta 8 millioner då det vart bygd i 2005-2006. Det opna 30. mai 2006.

Eksterne lenker


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak