Hopp til innhald

Gullsmedmoen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. november 2014 kl. 18:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gullsmedmoen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gullsmedmoen er ein stad, opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Evje og Hornnes kommune, på vestsida av Otra, rett vest for Byglandsfjord over Senumsundet bru. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla "Monen" eller "Senumsmonen". På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.

Kjelde