Hopp til innhald

Rassevæte

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2014 kl. 09:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rassevæte)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Rassevæte er eit lite, men ganske langstrakt vatn langs Fylkesveg 306 mellom Høgås og Høvringsvatn på veg mot Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune.

Oddmund Mogstad vil tru namnet kjem av "rass", skit, på grunn av dei myrete strendene. Men den meir folkeetymologiske forklaringa skal i følge Olav Arne Kleveland vere at det er eit vad midt på Rassevæte, og når ein vadde der, rakk vatnet til rassholet.

Kjelde