Fennefoss
Utsjånad
Fennefoss er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, på vestsida av Otra under Fennefossfjellet. Ein reknar med at garden er ein av dei eldste i Hornnes. Hans Nielsen Hauge kom til Fennefoss hausten 1803. Han stod bak utbygging av papirmølle, kornmølle, sagbruk og klesstampe ved Fennefossen; mest ein heil liten industri vart bygd opp der. Haugianaren og stortingsmannen Olav Torgrimson Fennefoss budde på Fennefoss. Ein stor bautastein til minne om han står i hagen framføre Evje og Hornnes museum, Fennefoss.