Hopp til innhald

Lars Bristol

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. oktober 2014 kl. 18:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lars Bristol (Breistøl))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen Breistøl i Hornnes og døydde etter ei ulukke i London i 1923. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl og Ingeborg Nottosdotter Breistøl.

Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan.

Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste.

Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. I 1923 vart han overkøyrd i London og døydde der. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar.

Kjelder


{{DEFAULTSORT:Bristol, Lars]]