Leonhard Jansen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. oktober 2011 kl. 14:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Leonhard Jansen

Leonhard Bjarne Jansen (fødd 24. februar 1958) er konservator NMF på Setesdalsmuseet. Han er cand.phil. frå 1987 med faga norsk, etnologi og historie (hovudfag). Pedagogisk seminar tok han alt i 1982. Han har vore ein flittig skribent og gjeve ut ei rekke bøker og skrive mange artiklar om historiske emne.

Biografi

Han vaks opp på Rysstad og var aktiv med far sin, som var målar og gardbrukar, i måling, tapetsering og legging av golvbelegg så vel som i drifta av garden. Frå 1980 til 1987 arbeidde han med Valle gards- og ættesoge, innsamling av tradisjon og foto. Det var konsulentarbeid parallelt med studier. Frå 1987 til 2002 arbeidde han som lektor på deltid, og frå 1988 til 1994 hadde han halv stilling for å skrive Valle kultursoge. I 1995 fekk han stillinga som kulturkonsulent i Valle kommune. Men han slutta i 1998 og vart gardbrukar til han i 2003 vart tilsett på Setesdalsmuseet, der han frå juli 2005 har vore konservator NMF.

Bibliografi

Kjelder

  • Basert på opplysningar frå Leonhard Jansen