Hopp til innhald

Hunsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2014 kl. 08:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hunsfossen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Fil:Hunsfossen i Skjerka aust for Uleberg.jpg
Hunsfossen rett nedanfor inntaksdammen til Uleberg kraftverk. Foto: Geir Daasvatn

Hunsfossen er ein svær foss i Skjerka rett aust for Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Her stuper Skjerka i fleire trinn ned i ei djup bekkekløft. Fleire av dei øvste trinna i fossen har ei fallhøgde på meir enn 10 meter. På ei strekning på 700-800 meter er den samla fallhøgda om lag 110 meter.

Agder Energi har frå 2006 utnytta Hunsfossen til kraftproduksjon, sjå Uleberg kraftverk, og vassføringa i fossen har etter det vorte sterkt redusert.