Der uppe (Bykle gnr 12 bnr 2)

Foto: Gunnar O. Holen. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006).
Der uppe er eit gardsbruk (Bykle gnr 12 bnr 2) på garden Holen i Nordbygdi i Bykle. Der uppe og Myri var dei to gamle bruka på garden. Innmarka på Der uppe blei sett under vatn ved oppdemminga av Botsvatn på andre halvdel av 1970-talet. Utmarka er på om lag 4 000 mål.
Lækjaren, lokalhistorikaren, forfattaren og kulturberaren Olav M. Holen vaks opp på Der uppe og er heimelshavar til eigedomen i dag (2026).
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 291–308