Døletorv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juni 2019 kl. 23:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Døletorv)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Døletorv er eit lite nes på austsida av Otra, nord for Byglandsfjord dam, i Bygland. Når vasstanden i den regulerte Byglandsfjorden er høg, blir neset til ei lita øy.

Etter oppdemminga av Byglandsfjorden flaut mykje rask i vatnet dei første åra. Ein gong sette ei diger lyngtorve seg fast i eit stryk ved denne staden. Torva måtte ha kome oppe frå dalen. Sidan vart staden heitande Døletorv, skriv Reidar Tveito i boka si om Setesdalsbanen.

Kjelder

Kart