Hopp til innhald

Knut Torjusson Helle

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. februar 2017 kl. 08:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Knut Torjusson Helle (1696-1766))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Knut Torjusson Helle (fødd ca 1696, død 1766) var tømmermann og bonde på gardsbruket Der sør (bnr. 9) på Helle i Hylestad. Etter tradisjonen skal det vere Knut som bygde det vidgjetne OseloftetOse bnr. 1, truleg i tida rundt 1750. Han skal om lag samstundes ha bygd det andre buret på den eigedomen, som står på plassen den dag i dag. Knut seiast også å ha bygd det drustelege loftet på gardsbruket Haugan på Helle. Etter Gisle Midtun skal han ha vore ikkje bare mellom dei beste tømmermennane i Setesdal, men i heile landet.

Kjelder