Haugan (Valle gnr. 70 bnr. 6)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 09:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om freding av loftet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Haugan Helle bnr. 6 180217.jpg
Haugan.

Haugan er eit gardsbruk (gnr. 70 bnr. 6) på Helle i Hylestad. Det ligg lengst sør på Helle, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid.

På gardsbruket står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Loftet blei freda av Riksantikvaren i 1941. Den eldste delen av våningshuset på eigedomen er frå 1600-talet.

Kjelder