Nånesodden
Nånesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå Nånes på vestsida av fjorden.
Fornminne
Her ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminner som vert kalla åsrøys. I Kulturminnesøk heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brente bein og ein pinsett frå bronsealderen, noko som var ei stor overrasking for arkeologane.
Ved undersøkinga i 2012 målte gravrøysa 6,6 X 5,5 meter. Opphaveleg har ho vore noko større. Røysa hadde eit kammer på 2 x 0,5 m som var bygd opp av kantstilte stein. Retninga var mot Lauvdal. Funnet gjer at ein reknar med at fleire av gravrøysene rundt Byglandsfjorden er frå bronsealderen.
Etter undersøkinga vart gravrøysa restaurert. Som alle gravrøyser er ho freda etter kulturminneloven.
Sjå også
Eksterne lenker
- [https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/48688/RPT_AA_Bygland_Byglandsfjord_240614.pdf?sequence=1&isAllowed=y Rapport arkeologisk utgravning, Gravrøys og boplassfunn Nånes, 50/1 Langerak, 54/1 Frøyrak, 55/1, 2 Bygland, Aust-Agder, Universitetet i Oslo, 2014
- Nånesodden i Kulturminnesøk
- Om funnet på Nånesodden i hos austagderfk.no
- Geir Daasvatn sine bilete på Flickr frå Nånesodden