Miljøgate Evje sentrum

Miljøgate Evje sentrum var eit svært byggeprosjekt i Evje hausten 2015. I grove trekk gjekk arbeidet ut på å bygge fortau langs heile austsida av sentrumsgata (Nils Heglands veg) frå innkøyringa i sør til Arendalskrysset i nord, og gang- og sykkelveg langs vestsida. Heile gata vart steinsett for at ho skulle få ein heilskapleg og samanhangande utsjånad. Som ein konsekvens av utbyggingsplanen måtte Evje Kiosk flyttast. Den gamle kiosken blei då gjeve i gåve til Trollbakken hoppanlegg, og ein heilt ny kiosk vart bygd opp noko lenger nord i sentrum.
Vegen gjennom sentrum er fylkesveg. Arbeidet var derfor eit samarbeidsprosjekt mellom Evje og Hornnes kommune og Statens Vegvesen. Private bedrifter og forretningar bidrog også, ved å dekke kostnadene med opprusting av private areal. Heile arbeidet var kostnadsrekna til ca 21 millionar kroner inkl. MVA. Kommunen sin del av dette skulle vere inntil 11,1 millionar kroner (netto utgift). I november 2015 blei det opplyst i kommunestyremøte at kostnaden for kommunen truleg ville stige med ca 2,5 millionar kroner på grunn av uforutsette kostnader. Samstundes vart det klart at arbeidet ikkje kunne stå ferdig til rundt 20. november 2015, slik den opphavelege planen var.
Oppstarten
Arbeidet tok til 3. august 2015, med rigging av anleggsområdet og andre førebuingar. Sjølve anleggsarbeidet starta opp ved innkøyringa til sentrum frå Riksveg 9 (Setesdalsvegen) i sør. Arbeidet med å utvide den svære parkeringsplassen på vestsida av sentrumsgata, i den nordre delen av sentrum, kom også raskt i gang.
Jolegateopning

Etter iherdig jobbing av anleggsarbeidarane var så mykje av arbeidet gjort i miljøgata i slutten av november, at jolegata i Evje kunne opnast på vanleg måte fredag 27. november 2015.
Kjelder
- Miljøgate Evje sentrum, saksframlegg frå rådmannen til sak 79/2014 i Evje og Hornnes kommunestyre 23. oktober 2015