Olaus Thortveit
Gunnar Olaus Thortveit (fødd 1872, død 1917) var bonde, feltspathandlar og mineralsamlar frå Iveland. Mineralet thortveititt er kalla opp etter han.[1] Thortveit hadde stor interesse for mineral, og synte fram steinsamlinga si på jubileumsutstillinga for Grunnloven i Kristiania i 1914. Etter utstillinga gav han steinsamlinga til Universitetet. Han mottok Kongens Fortenstmedalje i gull for innsatsen sin for den geologiske vitskapen. Ein kan seie at han var «gründeren» i Iveland si gruvedrift.[2]
Olaus Thortveit blei gift i 1895 med Gina Gunnarsdotter Rosaas. Dei budde nokre år på Iveland jarnbanestasjon. Seinare tok Thortveit til med handel i Møllebakken og dei budde i Solheim. I tillegg til handel bygde han opp ei stor eksportforretning av feltspat og sjeldne mineral.[3] Frå 1909 eigde familien gard på Rosås, der kona kom frå. Men dei skal ikkje ha flytta opp dit før i 1914.[4]
Rundt 1915 fekk Olaus Thortveit tuberkulose og kom på sanatoriet på Landeskogen i Grendi. Gruveaktiviteten blei det då slutt på. I 1917 døydde han, bare rundt 45 år gamal.
Historia bak thortveititten
I 1903 var polarforskaren Per Schei i Evje og fann eit mineral han då trudde var epidot. Seinare synte det seg at det var thortveititt. I 1910 vitja Olaus Thortveit arbeidarane ved ei lita gruve i Knipane på Ljosland i Iveland. Tellef Fjermedal og Notto Senum skal ha vore to av arbeidarane. Thortveit blei då synt ein stein med eit mineral som virka ukjend for arbeidarane. Thortveit fatta interesse for mineralet, som han ikkje hadde sett tidlegare og sende ein prøve til professor J. Schetelig ved Mineralogisk-Geologisk Museum i Oslo til analyse.[5] Resultatet var eit heilt nytt mineral i verda, som av Schetelig vart kalla thortveititt etter innsendaren.
Heider
- Kongens Fortenstmedalje i gull (1914)
Kjelder
- Kjell Gunnufsen, Iveland kommunes mineralutstilling - Mineraler fra Iveland og Evje, brosjyre/artikkel, utgjeve av Iveland kommune, 2013
- Ole Fritjof Frigstad, 100 år med feltspatdrift og mineraljakt, kapittel i Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 23-42
Referansar
<references>
- ↑ Iveland V. Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 83-84
- ↑ Gruvedrift, side 111
- ↑ Gruvedrift, side 92-93
- ↑ Gruvedrift, side 94
- ↑ Gruvedrift, side 100