Hallandsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. september 2015 kl. 00:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av fossen idag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallandsfossen før reguleringa.
Fil:Hallandsfossen Valle 260915.jpg
Hallandsfossen i 2015.

Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331. Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa og når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond vart difor elveløpet senka her i 1860-åra, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store. Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.

Kjelder