Hunsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. august 2015 kl. 08:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke til flere bilder av fossen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Hunsfossen i Skjerka aust for Uleberg.jpg
Hunsfossen rett nedanfor inntaksdammen til Uleberg kraftverk. Foto: Geir Daasvatn

Hunsfossen er ein svær foss i Skjerka rett aust for Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Her stuper Skjerka i fleire trinn ned i ei djup bekkekløft. Fleire av dei øvste trinna i fossen har ei fallhøgde på meir enn 10 meter. På ei strekning på 700-800 meter er den samla fallhøgda om lag 110 meter.

Agder Energi har frå 2006 utnytta Hunsfossen til kraftproduksjon i Uleberg kraftverk, og vassføringa i fossen har etter det vorte sterkt redusert.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...