Hopp til innhald

Helgeholmen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. august 2015 kl. 20:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Helgeholmen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Helgeholmen er ein bitteliten holme i Breiflå i Otra i Hornnes. Han er godt synleg når ein kjem køyrande langsmed Rv-9 over steinfyllinga som skiller Breiflå frå [[Voiland]. Dette utsynet utover Breiflå, med Helgeholmen og Bjorå-gardane i bakgrunnen, er eit mykje populært fotomotiv. Det er, eller har vore, eit fiskeørnreir på øya. For eindel årtider sidan var det også ofte St. Hansfeiring på holmen.

Kjelder