Terrengløpskarusellen
Utsjånad
Terrengløpskarusellen var opphaveleg eit samarbeidsprosjekt mellom Otra IL i Evje og Hornnes, IL Gry i Engesland og IL Skogguten i Bygland. Den første Terrengløpskarusellen gjekk av stabelen i 1972. Interessa var sterkt stigande dei fyrste åra, og nådde ein topp i 1976 med 210 deltakarar.
I år 2000 kom Iveland IL med i samarbeidet. I nokre år frametter hadde Terrengløpskarusellen då sju løp. Dei seinaste åra er det Otra IL og IL Gry som har delt på arrangementet, med ansvar for tre løp kvar.
Sjå også
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 136-137