Trygve Lund
Trygve Lund døydde brått i 1966. Han var ein av veteranane i det unge idrettslaget Otra IL, som vart skipa då idrettslaga i Evje og Hornnes slo seg saman i 1960.
Trygve Lund var sjølv ein habil skiløpar. Han var ei sentral drivkraft i eit aktivt lokalt skimiljø på Evje på 1960-talet. Han var leiar i skigruppa i Otra IL 1962-1965. Ei veke før Lund døydde hausten 1966 hadde styret vedteke at han skulle tildelast Otra ILs Ærespris.
I dag står æresprisen her med sørgeflor, som et symbol for at alle idrettsinteresserte i heile distriktet er i sorg. Ein av lagets beste og gildaste menn er gått bort, vart det sagt i minnetalen som blei halden på årsmøtet i Otra IL kort tid etter det triste dødsfallet.
Kjelde
Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie. jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 41