Slettebakk (husmannsplass)
Utsjånad
Slettebakk var ein husmannsplass under eit av gardsbruka, noko usikkert kva for eit, på Vestre Tveit i Hornnes. Tuftene etter innhus og uthus syner framleis. Det er også fleire rydningsrøyser i området.
Plassen blei frådelt og skyldsett som eige bruk (Slettebakk (Evje og Hornnes gnr. 19 bnr. 6)) alt i 1838.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 458–460
Kart
- Tveit på Norgeskart.no. Husmannsplassen Slettebakk låg om lag der det står Småhusane på kartet, noko vest for busetnaden på Tveit.