Riksveg 9 Badstogdalen–Hartevatn
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Riksveg 9 Badstogdalen–Hartevatn er ein parsell på Riksveg 9 som er utbetra frå hausten 2021. Offisiell opning var 11. oktober 2022. Då stod det att nokre mindre arbeid utanfor vegbanen som skulle fullførast våren 2023. Hovden Hytteservice var hovudentreprenør for arbeidet. Kontrakta var på rundt 40 millionar kroner.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Hovden Hytteservice AS sikra seg nok eit riksveg 9-prosjekt, artikkel i Setesdølen nr. 55, 2021, side 4
- Artikkel om offisiell opning av vegstykket på heimesida til Bykle kommune