Hopp til innhald

Bjoren Brygge

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. februar 2023 kl. 12:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert etter skifte av drivar)
Dampbåten Bjoren ved Bygland brygge i 2009. Serveringsstaden «Bjoren Brygge» til høgre.

Bjoren Brygge eller Brygga, som staden vert kalla på folkemunne, er ein koseleg liten serveringsstad som ligg nede ved fjorden i Byglandsbygda. Næraste nabo er bygget der Glashytta i Setesdal i mange år heldt til, nå Stoga Bygland. Vertskapet på Brygga var først Tone Simonstad Knutsen og Gro-Tove Frafjord Helle, som frå november 2010 også dreiv Tappen i sentrum av Bygland. Etter dei dreiv Jan Tore Leifsen verksemd her i mange år. Han hadde kompeutsal og stelte i stand mange ulike arrangement (konsertar, quiz. m.v.) om kveldane. Frå 2023 har Nina Bygland overteke som leigetakar.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...