Morstøyl
Morstøyl er ein støyl som ligger under garden Nordigard (Bnr.1) på Frøysnes (Nordre Frøysnes). Støylen ligger sør for Reiårsvatnet og ligg i enden av Morstøylsvegen. Den ligg heilt på grensa til Skomedal mark. Sør for Støylen ligger den gamle kyrkjegarden frå 1300-talet, Greptin. Det er tydelige spor at det har vore fast busetnad på plassen. I 1881, då Lars Liestøl kjøpte garden, tok han ofte med seg fine gjester frå Cristiania (Oslo). Dette var oftest om hausten og han tok til å bygge ein støylsbu med høgare standard som vart kalla «Cristiania Stuen». Nå i dag er denne bua bundet saman med den andre. På Morstøyl var det eit stort stykke dyrka mark. På slutten hadde dei faktisk slåmaskin. Nå i dag er det tre bygningar i alt som står att. Alt til slutt visar at det har vært liv her.
Kjelder
- Bygland gard og ætt (Bind 4)
- Setesdal og setesdølar, årskrift 2016 (Støylsliv på Frøysnesheia)