Nordigard Frøysnes
Nordigard Frøysnes er eitt av dei eldste bruka på Frøysnes og har ei historie tilbake til 1500-talet. Bruket har hatt mange oppsittarar, den mest kjende er nok lensmann og stortingsmann Lars Liestøl, som kjøpte bruket i 1870 og budde der til han døydde i 1912. Framleis er det etterkomarane hans som eig bruket. Men jorda er leigd bort til Øystein Frøysnes, som driv gardsbruk på dei to nabobruka i Nedgarden.
Stabburet til venstre på biletet er frå før 1650 og er automatisk freda etter Lov om kulturminner. Våningshuset, slik vi ser det no, er frå 1950-talet. I dette huset er det ei tømra stove, tømmeret er frå 1600-talet og kom frå den gamle kyrkja på Austad. Då denne vart riven rundt 1880, kjøpte Lars Liestøl rundt halvparten av tømmeret og brukte det til å setje opp ei stoge til dei gamle husa på garden. Seinare er denne bygd inn i huset.
Riksveg 9
Eigedomen ligg tett inntil Riksveg 9, som svingar seg nedanfor våningshuset og rundar Nordigardsknausen. Kulturlandskapet rundt våningshuset er forma som ei skål. I samband med arbeidet for å få ny riksveg 9 forbi Frøysnes, er eitt av forslaga å legge vegen i lia vest for Frøysnes og lage ein 145 meter lang tunnel gjennom fjellet bak Nordigard Frøysnes. Då må ein lage ei seks meter høg fylling gjennom tunet og flytte stabburet.
Kjelder
- Frå Setesdølen nr. 30, 2013 side 5
- Sigurd Haugsgjerd: Tidlegare ordførar og vegoppsynsmann Torbjørn Borgi: Må vurdere Frøysnes-veg på nytt
- Historie om Nordigard Frøysnes
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 46-68 og side 100