Mjåvatn (Bykle)
Mjåvatn er eit langt, smalt vatn heilt nord i Bykle, på vestsida av Otra nord for Hovden, mellom Lislevatn i sør og Breidvatn i nord. Ut av vatnet og ut i Otra frå vest renn Mjåvassåi. Ved austre enden av vatnet ligg Breivestøylane. Det går ein privat veg, Mjåvassdalen, innover mot vatnet.