Skotet

Foto: Geir Daasvatn
Skotet er ein veldig bratt stig opp frå Sydalen til garden Yksenskor, på heia aust for Dåsvatn i Hornnes. Det kom køyreveg fram til garden, frå Håvestøl i Åseral, først rundt 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp Skotet det siste stykket. Nedst stod det eit løypestrenghus. Derfrå gjekk det løypestreng opp til gards.
Kjelder
Kart
- Omtalen av Skotet på Kulturminnesok.no