Steinsland (Valle gnr. 48)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2024 kl. 08:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsland 27. oktober 2017.

Steinsland er ein gard (gnr. 48) under Valefjell og Nomelandsfjellet på vestsida av Otra i Valle kommune. Sør for garden ligg Åmli og Berg. Her reiser også Steinsås seg opp. I nord ligg Nomeland. Fylkesveg 331 (Strondevegen) går gjennom garden.

Historie

«Ein må nok rekne med at det sat folk her lenge før svartedauden (ca. 1350), truleg minst 300-400 år før det», heiter det i Gards- og ættesoga for Valle.[1]

Garden hadde slåtter langt vest i heia, ved Gjuvvatnet. Her var det også støylar, ved Gjuvasslega. Kvernhusa stod i Skuggebekk.[2]

I 1793 gjekk det eit stort ras på Steinsland, og beitet sør på garden blei skamført.[3]

Litteratur

Kart

Laster kart ...

Referansar

<references>

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 533
  2. Valle III, side 543-544
  3. Valle III, side 543