Hopp til innhald

Døletorv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. juni 2019 kl. 00:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Døletorv ved høg vasstand 8. juni 2019. Neset er blitt til ei øy.

Døletorv er eit lite nes på austsida av Otra, nord for Byglandsfjord dam, i Bygland. Når vasstanden i den regulerte Byglandsfjorden er høg, blir neset til ei lita øy.

Etter oppdemminga av Byglandsfjorden flaut mykje rask i vatnet dei første åra. Ein gong sette ei diger lyngtorve seg fast i eit stryk ved denne staden. Torva måtte ha kome oppe frå dalen. Sidan vart staden heitande Døletorv, skriv Reidar Tveito i boka si om Setesdalsbanen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...