Håhellerhytta
Håhellerhytta er ei lita turisthytte som ligg ikkje så langt i frå Suleskarvegen og Rosskreppdammen. Eigar er DNT Sør, som tidlegare heitte KOT, Kristiansand og Opplands Turistforening. Frå Håhellerhytta har dei vidare løypenett mot Taumevatn, Øyuvsbu og Gaukhei turisthytte.
Denne hytta er for sjølvstell og er utan proviant. Ho har sengeplass til 9 personar og det er eigen stad for hund. Dagens hytte vart sett opp i 1950, og opprusta i 1995. Mange turfolk finn hytta triveleg men det er og nokre som heller gjeng vidare.
Like attom hytta finn ein den største naturlege hellaren i Setesdal, Håhedder. Her skal det vera overnattingsplass for 15-16 vaksne, om det skulle vera fullt i hytta. I tidlegare tider reikna ein med at det ville take 17 timar å gå heile vegen mellom Brokke og Suleskaret, difor var ein nøydd til å ha ei overnatting under hellaren. I 1818, under naudsåra under Napoleonskrigane, busette to nygifte par seg i Håhedder. Dei ville ma. driva ei fjellstove for vegfarande, og ferja dei over Håheddervadet. Dei heldt fyrst til i ei fiskarbu som truleg sto innunder fjellet. Seinare sette dei opp husvære like nedafor, og var bufast her fram til 1844.
Sidan vart husa borte, og vegfarande laut igjen søkja ly innunder hellaren fram til 1867. Då sette styresmaktene opp ei ny bu for overnatting på dei gamle tuftene. Men det var ulikt syn på bruk av hytta mellom sportsfiskarar og gjætarar, noko som ga mykje klager. Folk og krøtter måtte overnatte i same rom. Difor vart det sett opp eit tilbygg i 1912 som inneheldt 4 dobbeltsenger og komfyr. Forholda vart betre og overnattinga gratis. Ei ny fjellstove vart sett opp i 1950, og etter kvart kom det bilveg frå Suleskar inn i heia i samband med kraftutbygging. Så i 1987 ga Vegvesenet denne hytta som jubileumsgåve til KOT då foreninga fylde 100 år.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland: ''Den store hellerboka for Agder og Rogaland'' 2008, ISBN 978-82-91869-15-5, side 313-316.
- Harald Flå:''Vandringer i Setesdal Vesthei'' 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 42-45.
Bilete frå Håhellerområdet
-
Hytta og Håhellervatnet
-
Oppholdsromet
-
Soveromet
-
Hytta og helleren
-
Håhellerområdet