Ellingstjønn (Bygland gnr. 36 bnr. 10)
Ellingstjønn er eit lite småbruk (gnr. 36 bnr. 10) på austsida av Åraksfjorden, langs Fylkesveg 323 mellom Storstraumen og Sandnes, i Bygland. Ellingstjønn var i gamal tid eigen gard. Men garden blei fråflytta og lagt ned i mellomalderen, og kom under Kvåle. I nyare tid var Ellingstjønn heimestøl for Nedre Kvåle.
I 1918 blei ei tomt ved Ellingstjønn skild ut frå Kvåle, med bnr. 10, og seld til Leopold Ladislav Stumpf. Stumpf dreiv Sommerhjemmet på Bygland i denne tida. Han bygde hus ved Ellingstjønn, og brukte eigedomen som feriestad. I dag er det Elizabeth Åsegård som bur på eigedomen. Ho driv ridesenter her.
Ei mindre tomt vart skild frå eigedomen av dåverande eigar Halvor Nomeland i 1981. Det fekk bnr. 24 og bruksnamn Ellingstjønn II.
Gamalt segn
Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug på Nese i Bygland. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 276-279
- Oppslag på info-tavle ved Hanehaug