Sommerhjemmet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Sommerhjemmet (Setesdalens Sommerhjem) var eit svært hotell på Kvålsmoen i Bygland, på gnr. 36 bnr. 5 rett sør-vest for der Bygland stadion er i dag. Med nokre avbrudd var hotellet i drift 1887-1960. Bygningen brann ned til grunnen 23. mars 1964.

Historie[rediger]

AS Sætersdalens Sommerhjem blei skipa av «konstituerte» borgarar i Kristiansand. I 1885 starta selskapet bygginga av Sommerhjemmet på Bygland. Bygget stod ferdig i 1887.

I 1898 selde selskapet hotellet til Martin Johansen frå Eidanger. Selskapet blei etter det oppløyst.

Alt i november 1899 selde Johansen hotellet vidare til slaktarmeister Ladislaus Geopold Stumpf i Kristiansand. Stumpf kosta på hotellet. Mellom anna kom det ny kledning på bygget, som var stokkebygd.

I 1918 trekte Stumpf seg tilbake. Han selde verksemda til grosserar Camillo Bastrup i Kristiansand. Samstundes kjøpte Stumpf ein eigedom på Elingstjønn og bygde seg feriestad der.

Bastrup eigde hotellet i tre år. I desse åra var det ikkje drift av hotellet. I 1921 blei Sommerhjemmet i staden seld til Johan Michael Magnus Halvorsen.

Halvorsen selde Sommerhjemmet til Nasjonal Samlings Hjelpeorganisasjon (NSH) i 1942. Staden blei under 2. verdskrigen nytta til ulike former for samlingar og kurs. Då okkupasjonen var over, blei eigedomen konfiskert av staten (Erstatningsdirektoratet).

I 1947 selde direktoratet eigedomen til AS Setesdalens Sommerhjem. Bak dette nye aksjeselskapet stod skipsreiar Bertrand Marcussen frå Dypvåg ved Tvedestrand. Sommerhjemmet blei bygd om og modernisert, og opna på nytt til jonsok 1948.

Eitt av borna til Marcussen var Inger Johanne Marcussen (f. 1923, d. 2001). Ho blei i 1948 gift med Stein Magnus Westerheim (f. 1921). Han hadde hotellutdanning, og dreiv hotellet til 1960. Då var det ikkje lenger økonomisk grunnlag for forsvarleg drift, og hotellverksemda blei lagt ned.

I 1963 blei Sommerhjemmet seld til Gunvor Rysstad (f. 1908). Seint på kvelden 23. mars 1964 brann bygningen ned til grunnen.

Kjelder[rediger]