Byglandstunet

Foto: Geir Daasvatn
Foto: Siri Johannessen
Byglandstunet er ei samling bygg i Bygland sentrum, rett nord-aust for Bygland kyrkje. Her ligg Bygland kommunehus, Joker Bygland, Sparebanken Sør sin filial på Bygland, Bygland folkebibliotek, legevakta i Bygland og Bygland lensmannskontor.
Aksjeselskapet Byglandstunet AS står som eigar av dei fleste bygga. Bygland kommune, Aust-Agder Næringsselskap og Sparebanken Sør er aksjonærar. Det såkalla «bankbygget» eig Bankbygg AS. Her er Sparebanken Sør og Bygland kommune aksjonærar. Ved årsskiftet 2016/2017 vurderer Bygland kommune å løyse ut banken og næringselskapet som aksjonærar, og overta alt eigarskap til bygga sjølv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Vil drive bygga meir effektivt, artikkel i Setesdølen nr. 94, 2016, side 9