Byglandstunet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandstunet.
Bygland folkebibliotek i Sørbygget i Byglandstunet.

Byglandstunet er ei samling bygg i Bygland sentrum, rett nord-aust for Bygland kyrkje. Her ligg Bygland kommunehus, Joker Bygland, Bygland folkebibliotek, legevakta i Bygland og People Setesdal.Tidlegare har tunet husa Sparebanken Sør sin filial på Bygland og Bygland lensmannskontor.

Aksjeselskapet Byglandstunet AS står som eigar av bygga. Bygland kommune, Aust-Agder Næringsselskap og Sparebanken Sør var lenge aksjonærar, men pr. februar 2022 er kommunen eineeigar. Det såkalla «bankbygget» var eigd Bankbygg AS. Her var Sparebanken Sør og Bygland kommune aksjonærar. I desember 2017 blei Bankbygg AS fusjonert inn i Byglandstunet AS, slik at kommunen nå eig heile bygningsmassen.

Kjelder