Hopp til innhald

Nomeland Anlegg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. november 2016 kl. 07:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)

Nomeland Anlegg er eit entreprenørfirma (AS) med base på Rysstad i Valle. Det er rundt 40 tilsette i verksemda. Hans Olav Omnes er dagleg leiar frå 4. mai 2015. Steinar Nomeland er prosjektleiar]]. Geir Tarald Nomeland er driftsleiar. Firmaet arbeider hovudsakleg i Agder og Telemark.

Arbeidsområda sidan oppstarten i 1960 har vore vegbygging, grunnarbeider, pukkverksdrift (sidan 1970), ferdigbetong (sidan 1985), feltutbygging, totalprosjekt, V/A-anlegg, kraftverk, idrettsanlegg, transport, spesialtransport, drift og vedlikehald av veg, drift og vedlikehald av V/A-anlegg, FoU og rassikring. Nomeland Anlegg har også den daglege drifta av Brokke Vatn og Avlaupsverk. Firmaet var hovudentreprenør for parsellen Sandnes-HarstadbergRiksveg 9, som vart opna hausten 2016. Det var Nomeland Anlegg som sette opp dei seks «Setesdalsbautaene» som står langs Rv-9 mellom Hirtshals og Bjåen.

Hausten 2016 opna verksemda eit lite avdelingskontor på Evje. Oddvar Omnes er på kontoret her.

Historie

Saavi Nomeland starta firmaet i 1960.

Kjelder

Eksterne lenker