Uppstad
Uppstad er ei grend i Valle kommune, lengst nord i Hylestad. Her er det ca 10 hus.
Nederst i Uppstadvegen ligg Kåvenes, og her renn Kåvåne ut i Otra. Kåvåne er regulert på begge sine tilførselselver, Kallefossåne frå Uppstad Videlvatn, og Hylesdalsåne som kjem frå Hylesdalen. Desse to elvene møtest ikkje langt frå vegbommen til Støyledalsvegen og Dalstøylvegen.