Hopp til innhald

Glenn Qvam Håkonsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. mai 2015 kl. 08:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke 8. mai 2014)
Glenn Qvam Håkonsen
På styremøte i Otra IL 19. januar 2012.
Født: 7. august 1979 (46 år)

Glenn Qvam Håkonsen (fødd 7. august 1979) bur på Utsikten i Evje. Han er gift med Katharina Skavoll. Han er høgskulelektor på Handelshøyskolen BI Kristiansand. Han har og deltidsstillingar i Agder Energi og i Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder.

Håkonsen vart vald til leiar i Otra IL hausten 2011, etter mangeårig leiar Finn Bjørn Rørvik. Han var kretsleiar i Agder og Rogaland Skikrets til 2013. På årsmøtet i Otra IL [8. mai 2014]] gjekk han av som leiar av idrettslaget etter eige ønske, og overlot vervet til Jan Albert Haagensen. Håkonsen er prosjektleiar for utbygginga av "Nye Trollbakken hoppanlegg"