Rassevæte
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn
Rassevæte er eit lite, men ganske langstrakt vatn langs Fylkesveg 306 mellom Høgås og Høvringsvatn på veg mot Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune.
Oddmund Mogstad vil tru namnet kjem av "rass", skit, på grunn av dei myrete strendene. Men den meir folkeetymologiske forklaringa skal i følge Olav Arne Kleveland vere at det er eit vad midt på Rassevæte, og når ein vadde der, rakk vatnet til rassholet.
Kjelde
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2009, s. 36