Byglandsfjord stasjon: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s tekst finpuss
Thorunn (diskusjon | bidrag)
s Det er oppgitt feil arkitekt i boken "Fra gamp til damp". Se http://no.wikipedia.org/wiki/Paul_Due
Line 1: Line 1:
[[Fil:Stasjonen 2005.jpg|thumb|300px|Etter at stasjonen vart nedlagd, vart det planta blomar i sporet{{byline|Reidar Tveito}}]]
[[Fil:Stasjonen 2005.jpg|thumb|300px|Etter at stasjonen vart nedlagd, vart det planta blomar i sporet{{byline|Reidar Tveito}}]]
'''Byglandsfjord stasjon''' var endestasjon for [[Setesdalsbanen]]. Stortinget vedtok i 1889 å byggje jarnbane mellom [[Kristiansand]] og [[Setesdal]]. Bana vart bygd som smalspora, både avdi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng. Kong Oskar 2 tok det fyrste spadetak i 1891, og i november 1895 kunne ein taka til med køyring mellom Kristiansand og [[Hægeland]] med folk og gods. Den 25. november 1896 var det høgtidelig opning på endestasjonen ved enden av [[Byglandsfjorden]]. Stasjonsbygget var oppførd i såkalla [[dragestil]], og var sett opp av tømmer for å stå i stil med byggjemåten i Setesdal. Arkitekten var Paul Armin Due.
'''Byglandsfjord stasjon''' var endestasjon for [[Setesdalsbanen]]. Stortinget vedtok i 1889 å byggje jarnbane mellom [[Kristiansand]] og [[Setesdal]]. Bana vart bygd som smalspora, både avdi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng. Kong Oskar 2 tok det fyrste spadetak i 1891, og i november 1895 kunne ein taka til med køyring mellom Kristiansand og [[Hægeland]] med folk og gods. Den 25. november 1896 var det høgtidelig opning på endestasjonen ved enden av [[Byglandsfjorden]]. Stasjonsbygget var oppførd i såkalla [[dragestil]], og var sett opp av tømmer for å stå i stil med byggjemåten i Setesdal. Arkitekten var Paul Due.
 


==Bruk etter nedlegginga av banen==
==Bruk etter nedlegginga av banen==

Versjonen frå 23. mai 2011 kl. 16:57

Etter at stasjonen vart nedlagd, vart det planta blomar i sporet
Foto: Reidar Tveito

Byglandsfjord stasjon var endestasjon for Setesdalsbanen. Stortinget vedtok i 1889 å byggje jarnbane mellom Kristiansand og Setesdal. Bana vart bygd som smalspora, både avdi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng. Kong Oskar 2 tok det fyrste spadetak i 1891, og i november 1895 kunne ein taka til med køyring mellom Kristiansand og Hægeland med folk og gods. Den 25. november 1896 var det høgtidelig opning på endestasjonen ved enden av Byglandsfjorden. Stasjonsbygget var oppførd i såkalla dragestil, og var sett opp av tømmer for å stå i stil med byggjemåten i Setesdal. Arkitekten var Paul Due.


Bruk etter nedlegginga av banen

Sidan 1962 har det vore tiltakskontor, kommuneplanleggar, arkitektkontor, hyttebyggerservice, turistinformasjon, museum og bibliotek i lokala i fyrste høgda. Oppe i andre høgda har det vore utleige av husvære inntil dette ikkje lenger vart godkjend på grunn av dårlege piper.

Tiltakskontor og idrettsanlegg

Store planar som ikkje var liv laga

Nedlegginga av Setesdalsbanen fall saman med modernisering av Byglandsfjord Dampsag, noko som førde til at mange måtte flytte eller pendle ut av kommunen. Osmund Faremo fekk i gong eit tiltakskontor i lokala, og målet var å få til arbeidsplassar i distriktet. Ei av fanesakene var å få bygd ut eit idrettssenter på heile stasjonsområdet medreikna området der Byglandsfjord Psykiatriske held til. Som ei byrjing for å binde saman heile dette området, fekk ein til ein undergang under Senumsvegen då Senumsund bru vart ferdig i 1965. Idrettssenteret let seg ikkje realisera pga. mangel på kapital, men denne undergangen vart til sist teken i bruk som ein del av ein turveg då det nye reinskeanlegget like ved vart ferdig i 2010.

Arkitektkontor og hyttebyggerservice

Leif Smedbakken var ein dyktig arkitekt, og han fekk til eit prosjekt med hytter der folk fekk levert alle materialer ferdigkappa og tilpassa frå Byglandsfjord Dampsag. Smedbakken hadde god sans for marknadsføring, og det vart sagt at då den aller fyrste kunden ringa og viste interesse for kjøp, var svaret at alt var utseld for lang tid framover. Han reikna med at nå ville rykta gå viden omkring om hyttesuksessen på Byglandsfjord. Attpåtil klara Smedbakken å få innpass i NRK Fjernsynets idébankprogram sidan det var nytt med slike byggesett. Leif Smedbakken og Erik Bye hadde mang ein lystig kveld i denne stasjonsbygningen på midten av 1960-åra.

Turistinformasjon og museum

Karl Johan Alværn
Foto: Reidar Tveito

Etter at Setesdal Hyttebyggerservice gjekk i knas, så overtok allsidige Karl Johan Alværn lokala. Turistar som fant fram til Stasjonen fekk fyrsteklasses informasjon og turopplegg, gjerne på flytande dansk eller nederlandsk. Alværn bruka stasjonsmesterens kontor til sitt kontor, og hadde diverse gamle ting i dei øvrige roma. I venteromet var det mange hyllemeter med all slags flasker han hadde samla, eller fått av turister som kjende til samlinga. Han var også svært interessert i militære og sivile uniformer, og var kry som ein hane når han kunne vise seg i telegrafistuniforma til Osmund Faremo.

Bibliotek og møterom

I 2011 brukes den gamle restauranten som bibliotek
Foto: Reidar Tveito

Til sist flytta Bygland folkebibliotek, avdeling Byglandsfjord, inn i heile fyrste høgda. Her har ein god plass til å vise fram bøker til dei som vil lese. Restauranten har også vore nytta til mindre møter av lag og foreiningar. Bygningen er freda slik at ein må samrå seg med vernestyresmakter før ein gjer noko inngrep.

Andre høgda

Andre høgda har vore husvære inntil pipene vart for dårlege til å kunne godkjennast i bustad. Bjorens Vener har sidan hatt sine møter her, og i 2011 flytta også LL Heimelaga inn i det tidlegare kjøkkenet. Her vart det laga komper, lefser og flatbrau for dei som ville ha noko å eta.


Kjelder

  • Roar Olsen (redaktør): Fra gamp til damp. Setesdalsbanen 100 år. 1996. ISBN 82-994070-0-1
  • Fædrelandsvennen 1966