Karl Johan Alværn
| Karl Johan Alværn | ||
|---|---|---|
| Født: | 9. februar 1909 | |
| Død: | 15. september 1996 (87 år) | |
Karl Johan Alværn (fødd 9. februar 1909, død 15. september 1996) var ein mangesyslar på Byglandsfjord. Han dreiv i ti år frå 1970 til 1980 turistinformasjon i Byglandsfjord stasjon, men frå 1. oktober 1980 var det slutt. Før han etablerte kontor i stasjonsbygningen, arbeidde han for Danskeleiren på Byglandsfjord og ved ungdomsherberget på Longerak. Han dreiv også begravelsesbyrå.
Museum
I Byglandsfjord stasjon hadde K. J. Alværn også bygd opp eit privat museum. Gjennom åra hadde han skaffa seg ei omfattande flaskesamling, då han rydda ut av stasjonen, haddde han 1700 ulike flasker. Grunnen til at han starta å samle flasker, var at turistane drog med seg så mykje drikkevarer og så sette dei att flaskene i hyttene dei leigde i staden for å knuse dei. Når folk såg den store flaskesamling, sende dei også flasker frå rundt om i verda til han. I tillegg hadde han 2700 ulike knappar, 300 ulike nøklar, tre brurekister, ei av dei var frå 1774, 30-40 biblar og nytestament på ulike språk og ei samling på om lag 1000 steinar. Dessutan hadde han det største treboret i landet og den største grindsaga i Norge i samlinga si.
Då Alværn avvikla heile kontoret, vart samlinga sendt til ein vidaregåande skule ved Tyrifjorden.
Familie
Karl Johan Alværn var gift med Hilda Alværn. Dei budde på Senum.
Kjelder
- Karl Johan Alværns gravstein
- Han har stengt turistkontoret på Byglandsfjord for godt. Artikkel i Setesdølen nr. 78, 1980 side 8