Galtelandsteinen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Helland (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 1: Line 1:
[[Fil:Galteland-steinen Verksmoen Evje etterligning 120913 .JPG|thumb|Etterlikning av [[Galtelandsteinen]]. Kopien er sett opp på [[Verksmoen]] ([[Listeinsmoen]]) i [[Evje]], om lag på same staden som ein trur steinen opprinneleg stod frå ca år 1016 til ca år 1750. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Galteland-steinen Verksmoen Evje etterligning 120913 .JPG|thumb|Etterlikning av [[Galtelandsteinen]]. Kopien er sett opp på [[Verksmoen]] ([[Listeinsmoen]]) i [[Evje]], om lag på same staden som ein trur steinen opprinneleg stod frå ca år 1016 til ca år 1750. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Galtelandsteinen''' er ein meterhøg runestein som stod på [[Rosseland]] på Evje i 700 år. Ein trur at han stod ved ein av haugane i dette gravfeltet frå folkevandringstida. Dei eldste skriftene om steinen seier at han var vendt mot søraust og at han stod midt i ein ring med åtte steinar. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Steinen er datert til ca. 1016 på grunn av innskrifta. Den er truleg den eldste runesteinen i landet som omtaler kristendomen.  
'''Galtelandsteinen''' er ein meterhøg runestein som stod på [[Rosseland]] på Evje i 700 år. Ein trur at han stod ved ein av haugane i dette gravfeltet frå folkevandringstida. Dei eldste skriftene om steinen seier at han var vendt mot søraust og at han stod midt i ein ring med åtte steinar. Han var fot høg, fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Steinen er datert til ca. 1016 på grunn av innskrifta. Den er truleg den eldste runesteinen i landet som omtaler kristendomen.  


Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden [[Galteland]], der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.
Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden [[Galteland]], der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.

Versjonen frå 30. juli 2014 kl. 20:35

Etterlikning av Galtelandsteinen. Kopien er sett opp på Verksmoen (Listeinsmoen) i Evje, om lag på same staden som ein trur steinen opprinneleg stod frå ca år 1016 til ca år 1750.

Galtelandsteinen er ein meterhøg runestein som stod på Rosseland på Evje i 700 år. Ein trur at han stod ved ein av haugane i dette gravfeltet frå folkevandringstida. Dei eldste skriftene om steinen seier at han var vendt mot søraust og at han stod midt i ein ring med åtte steinar. Han var 6½ fot høg, 1½ fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Steinen er datert til ca. 1016 på grunn av innskrifta. Den er truleg den eldste runesteinen i landet som omtaler kristendomen.

Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden Galteland, der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.

I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetet si Oldsaksamling i Oslo. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.

Med bidrag frå Evje og Hornnes Sparebank, Evje og Hornnes Folkeakademi, Evje og Hornnes Mållag, Hornnes Kvinne og Familielag, Evje Bondekvinnelag og Forsvarets Pensjonistforening vart gravfeltet sett i stand som Evje og Hornnes kommune sin tusenårsstad, Tusenårsparken. Evje og Hornnes sogelag gav ein kopi av steinen til parken.

Runesteinen har denne teksten:

arn (stin) risti þi(na) iftir bior (s)un sin (sa uar)tuþr iliþi þ(a)s knursoti iklat inis ko(þ)

På moderne norsk blir dette: Arnstein reiste denne steinen etter Bjor, son sin. Han døyde i Hæren da Knut gjekk til åtak på England. Det er berre ein gud.

Innskriften henviser antakelig på Knut den mektiges invasjon i England i 1015/16. Siste del vitner om kristen innflytelse i indre Agder før Olav den helliges tid.

Arnstein har gitt navn til årsskriftet for Evje og Hornnes sogelag.

Kjelder

Bilder