Hopp til innhald

Olav Knutsson Tveiten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Helland (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Siri J (diskusjon | bidrag)
s puss
Line 1: Line 1:
[[Fil:Avduking av Olav Knutsson Tveiten-bauta.jpg|thumb|Det var mykje folk samla då bautaen over Olav Knutsson Tveiten vart avduka i 1909]]
[[Fil:Avduking av Olav Knutsson Tveiten-bauta.jpg|thumb|Det var mykje folk samla då bautaen over Olav Knutsson Tveiten vart avduka i 1909]]
[[Fil:Valle, Valle kyrkje, Bauta over eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten(1).JPG|thumb|Bautaen på kirkegården, tekst<br />''Eidsvoldsmand Ole Knudson Tvedten''<br />''Bonden skal ha sin odel'']]
[[Fil:Valle, Valle kyrkje, Bauta over eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten(1).JPG|thumb|Bautaen på kirkegården, tekst<br />''Eidsvoldsmand Ole Knudson Tvedten''<br />''Bonden skal ha sin odel'']]
'''Olav Knutsson Tveiten''' (fødd 1758, død 5. oktober 1837) var bonde og lensmann i Valle. Han budde på [[Tveitetunet]]. Han var ein av tre utsendingar frå Råbyggelaget til [[Riksforsamlinga på Eidsvoll]].  
<onlyinclude>'''[[Olav Knutsson Tveiten]]''' (fødd 1758, død 5. oktober 1837) var bonde og lensmann i [[Valle]], busatt på [[Tveitetunet]]. Han var ein av tre utsendingar frå Råbyggelaget til [[Riksforsamlinga på Eidsvoll]].  


Som evnerik ungdom gjorde presten [[Reier Gjellebøl]] han til omgangsskulelærar i 1776, 18 år gammal. Han heldt fram med det til 1785. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnufsdtr. Kvestad og i 1788 overtok han garden etter foreldra. Då hadde han alt vore lensmann eit par år, han vart lensmann i 1786 og heldt fram til kort før han døydde i 1837, 79 år gammal. Sonen [[Bjørn Kvestad]] overtok då som lensmann.  
Som evnerik ungdom gjorde presten [[Reier Gjellebøl]] han til omgangsskulelærar i 1776, 18 år gammal, og Olav heldt fram med til 1785. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnufsdotter Kvestad og i 1788 overtok han garden etter foreldra. Då hadde han alt vore lensmann sidan 1786 og heldt fram til kort før han døydde i 1837, 79 år gammal. Sonen [[Bjørn Kvestad]] overtok då som lensmann.</Onlyinclude>


Kona Gyro døydde i 1822, dei hadde sju barn. I 1824, 66 år gammal, gifta han seg med søskenbarnet til første kona, Margit Olsdtr. Harstad, som var 45 år yngre enn mannen. Med henne fekk han fem barn.
Kona Gyro døydde i 1822, dei hadde sju barn. I 1824, 66 år gammal, gifta han seg med søskenbarnet til første kona, Margit Olsdtr. Harstad, som var 45 år yngre enn mannen. Med henne fekk han fem barn.
Line 21: Line 21:
==Litteratur==
==Litteratur==
*O. A. Aalholm: «Ole Knudsen Tvedten 1758–1837», i ''Aust-Agder-Arv''. Årbok 1963 og 1964, Arendal 1972
*O. A. Aalholm: «Ole Knudsen Tvedten 1758–1837», i ''Aust-Agder-Arv''. Årbok 1963 og 1964, Arendal 1972
*J. Jansen: Biografi i NBL1, bd. 17, 1975
*J. Jansen: Biografi i Norsk Biografisk Leksikon 1, bd. 17, 1975
*[[Alfred Ryningen]]: ''Valle kommune, bd. 1: Gards- og ættesoge Hylestad'', Valle 1985, s. 342–343
*[[Alfred Ryningen]]: ''Valle kommune, bd. 1: Gards- og ættesoge Hylestad'', Valle 1985, s. 342–343
*Alfred Ryningen: ''Valle kommune, bd. 3: Gards- og ættesoge'', Valle 1987, s. 272–274
*Alfred Ryningen: ''Valle kommune, bd. 3: Gards- og ættesoge'', Valle 1987, s. 272–274
*[[Leonhard Jansen]] og A. Ryningen: ''Valle kommune, bd. 7: Kultursoge'', Valle 1994, s. 398–401
*[[Leonhard Jansen]] og Alfred Ryningen: ''Valle kommune, bd. 7: Kultursoge'', Valle 1994, s. 398–401
*[[Olav Bø]]: ''Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum'', 1991, s. 50–52
*[[Olav Bø]]: ''Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum'', 1991, s. 50–52
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/4578932abab5eac473a8cf59a17585c3?index=2#387 Tallak Lindstøl: ''Stortinget og statsrådet'' 1814-1914 side 904-905]
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/4578932abab5eac473a8cf59a17585c3?index=2#387 Tallak Lindstøl: ''Stortinget og statsrådet'' 1814-1914 side 904-905]

Versjonen frå 18. februar 2014 kl. 15:16

Det var mykje folk samla då bautaen over Olav Knutsson Tveiten vart avduka i 1909
Bautaen på kirkegården, tekst
Eidsvoldsmand Ole Knudson Tvedten
Bonden skal ha sin odel

Olav Knutsson Tveiten (fødd 1758, død 5. oktober 1837) var bonde og lensmann i Valle, busatt på Tveitetunet. Han var ein av tre utsendingar frå Råbyggelaget til Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Som evnerik ungdom gjorde presten Reier Gjellebøl han til omgangsskulelærar i 1776, 18 år gammal, og Olav heldt fram med til 1785. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnufsdotter Kvestad og i 1788 overtok han garden etter foreldra. Då hadde han alt vore lensmann sidan 1786 og heldt fram til kort før han døydde i 1837, 79 år gammal. Sonen Bjørn Kvestad overtok då som lensmann.

Kona Gyro døydde i 1822, dei hadde sju barn. I 1824, 66 år gammal, gifta han seg med søskenbarnet til første kona, Margit Olsdtr. Harstad, som var 45 år yngre enn mannen. Med henne fekk han fem barn.

I 1797 var han i barselselskap i Brokke. Der kom han i slagsmål med Torjus Rysstad, som vart drept. Etter først å ha blitt dømt for drapet, vart Olav Knutsson Tveiten frikjent i Høgsterett med grunngjeving at han handla i naudverge. Dermed kunne han halde fram som lensmann.

Eidsvollsmann

Som Eidsvollsmann var Olav Knutsson Tveiten for sjølvstende. Han var ein av dei første som skreiv under på eit forsvar for odelsretten. Han var ein støttespelar for Christian Magnus Falsen og Christian Frederik. Det vart fortald at han sovna under handsaminga av saka om rang og ordenar, og måtte bli vekt før avstemminga. Då han vart vekt, spurde han kva Falsen hadde stemt, og så stemde han som han. Han var medlem av deputasjonen som gav Christian Frederik melding om kongevalet.

Etter Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var Olav Knutsson Tveiten ikkje aktiv i politikk. I 1909 vart det reist ein bauta til minne om han på Valle kyrkjegard. Kvart år på 17. mai blir det lagt ned krans på denne bautaen.

Etterslekta til Olav Knutsson Tveiten

Grunnlova sitt 200-års jubileum i 2014 ga Riksarkivet ideen om å lage eit oversyn av etterslekta til alle eidsvollsmenn. Arbeidet blir gjort av frivillige som er interessera i historie og slektsgranskning.

Olav Knutsson Tveiten sitt etterslektstre på vevsida til eidsvollsmenn.no

Litteratur

  • O. A. Aalholm: «Ole Knudsen Tvedten 1758–1837», i Aust-Agder-Arv. Årbok 1963 og 1964, Arendal 1972
  • J. Jansen: Biografi i Norsk Biografisk Leksikon 1, bd. 17, 1975
  • Alfred Ryningen: Valle kommune, bd. 1: Gards- og ættesoge Hylestad, Valle 1985, s. 342–343
  • Alfred Ryningen: Valle kommune, bd. 3: Gards- og ættesoge, Valle 1987, s. 272–274
  • Leonhard Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune, bd. 7: Kultursoge, Valle 1994, s. 398–401
  • Olav Bø: Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, 1991, s. 50–52
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og statsrådet 1814-1914 side 904-905

Kjelder