Vodden (Bykle gnr 10 bnr 1): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kart |
|||
| Line 11: | Line 11: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 59.34613525984469,7.252903834028168~Vodden Bykle}} | |||
[[Kategori:Garder i Bykle]] | [[Kategori:Garder i Bykle]] | ||
[[Kategori:Nordbygdi]] | [[Kategori:Nordbygdi]] | ||
Versjonen frå 8. februar 2026 kl. 11:00
Vodden er eit gardsbruk (Bykle gnr 10 bnr 1) på garden Nesland i Nordbygdi i Bykle. Det er det vestlegaste av dei gamle bruka på Nesland. Bruket blei utskilt frå den einbølte garden i 1682. Mykje av innmarka blei borte ved oppdemminga av Botsvatn midt på 1970-talet. Utmarka utgjer 7 765 mål. I tillegg kjem bruket sin del av det store heieområdet som ligg i sameige mellom Nesland og nabogarden Tveiti.
Heimelshavarar til eigedomen (2026) er Jan Nesland (f. 1971), Knut Nesland (f. 1954), Ola Nesland (f. 1966) og Gunhild Sjøstrøm (f. 1957).
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 126–140
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk