Hopp til innhald

Byklestigen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Nyere bilder
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Meir fakta
Line 24: Line 24:
==Bilete frå Byklestigen i 2013==
==Bilete frå Byklestigen i 2013==
<gallery>
<gallery>
Fil:Byklestigen 1, 2013.jpg|Grei orientering fleire stadar
Fil:Byklestigen 1, 2013.jpg|Grei orientering fleire stadar langs turvegen
Fil:Byklestigen 2, 2013.jpg
Fil:Byklestigen 2, 2013.jpg|Løynd av bjørkeskogen t.v. for hytta, der går Byklestigen omlag slik han var frå rundt 1840 til 1879
Fil:Byklestigen 3, 2013.jpg
Fil:Byklestigen 3, 2013.jpg|Bratt for folk og fe å fara her
Fil:Byklestigen 4, 2013.jpg
Fil:Byklestigen 4, 2013.jpg|Utsyn sørover frå toppen
Fil:Byklestigen 5, 2013.jpg
Fil:Byklestigen 5, 2013.jpg|Ein eldre versjon av Byklestigen tek til frå gamle-riksvegen
Fil:Byklestigen 6, 2013.jpg
Fil:Byklestigen 6, 2013.jpg|Den eldre versjonen av Byklestigen ved gamle-riksvegen langs Otra
</gallery>
</gallery>



Versjonen frå 13. juli 2013 kl. 09:58

Slik såg den sørlige delen av Byklestigen ut i 1974, før restaureringa året etter

Byklestigen er eit særdeles vanskelig og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. I dag går riksvei 9 i tunnel på dette stedet.

Fleire omleggingar av vegen

Byklestigen var ei bratt kleiv med rekkverk på begge sider. Vegen var så bratt at ein ikkje kunne ri og heller ikkje ha kløv på hesten utan at det var folk til å hjelpe. Om vinteren var det spesielt vanskeleg når det frå fjellet seig vatn som fraus til is. Ein kjenner til at det har vore heile 6 «generasjonar» med framkomstveg framom dette vanskelege partiet der det før 1770 var det mest uråd å koma forbi med hest. Det var fyrst etter 1879 at det vart mogeleg å fara med hest og vogn, og då etter ein veg nede langs elva.

Byklestigen vart vald til Bykle kommunes kulturminne i kulturminneåret 1997. Vegen er foreslått verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[1]

Fleire restaureringar

I 1975 utførde Statens Vegvesen ei restaurering av av den delen av Byklestigen som hadde vore i bruk frå 1840-talet og fram til ein fekk køyreveg nede ved elva i 1879. Bileta i svart-kvitt er i frå 1975, og viser ein nyrestaurera Byklestig. Her hadde Aust Agder Vegvesen hadde gjort eit grundig arbeid, og mellom anna bruka trenaglar i staden for spiker ved samanføying av tømmeret. Vegsjef Johannes B. Irgens var spesielt oppteken av å få restaurera Byklestigen, og det var Tor Trydal og Knut Bjørnarå frå Bykle som utførte arbeidet. Det skulle vera 71 trinn til toppen i sørenden i 1975.

Sidan 1975 har vegen lengst sør igjen vorte utbetra, men er ikkje lenger så synleg pga. vegetasjon i området. Den gamle bilvegen langs elva er nå avstengd for trafikk, og ein ennå eldre variant av Byklestigen er sett i stand her.


Bilete frå Byklestigen i 1975

Reidar Tveito tok svart-kvitt-bileta frå Byklestigen etter restaureringa i 1975.

Bilete frå Byklestigen i 2013

Referanser

Kjelder

  • Trygve Skuggedal: 71 trinn og du er på toppen. Artikkel i «Dagbladet Sørlandet», 2. august 1975, side 7.
  • Bykle kommune/ProArk AS, som har fleire orienteringstavler i området, 2013.