Skorpetveit: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Kulturminne: Dreng Skorpetveit
Line 4: Line 4:


== Kulturminne ==
== Kulturminne ==
Det er synlege spor etter fleire tidlegare vegar i området. [[Postvegen]] gjekk ganske høgt oppe i lia her, ovafor dagens Rv-9. Det er også avdekka eit gamalt gardsanlegg, med sikre tufter og mange rydningsrøyser, i bruk i vikingtid og mellomalder. I gards- og ættesoga for Valle er det lagt til grunn at Skorpetveit opphaveleg var ein sjølvstendig gard.
Det er synlege spor etter fleire tidlegare vegar i området. [[Postvegen]] gjekk ganske høgt oppe i lia her, ovafor dagens Rv-9. Det er også avdekka eit gamalt gardsanlegg, med sikre tufter og mange rydningsrøyser, i bruk i vikingtid og mellomalder. I gards- og ættesoga for Valle er det lagt til grunn at Skorpetveit opphaveleg var ein sjølvstendig gard. [[Dreng Skorpetveit]] skal ha budd på garden på slutten av 1500-talet. Han skal ha kome i konflikt med Vonde-Åsmund Rygnestad. Vonde-Åsmund oppsøkt Dreng med væpna menn. Det enda med at Dreng drukna i [[Otra]] då han flykta frå Vonde-Åsmund. Fossen sør for garden, [[Drengsfossen]], skal ha fått namn etter denne hendinga.


== Kjelder ==  
== Kjelder ==  

Versjonen frå 20. oktober 2023 kl. 15:02

Skorpetveit med den gamle Postvegen. Riksveg 9 til høgre.
Skorpetveit 26. november 2018. I området her er det avdekka eit gamalt gardsanlegg med sikre tufter og mange rydningsrøyser.
Foto: Geir Daasvatn

Skorpetveit er ein stad langs Riksveg 9 nord i Valle, aust for Reimarmoen. Skorpetveitfjellet stig stupbratt opp frå dalbotnen.

Kulturminne

Det er synlege spor etter fleire tidlegare vegar i området. Postvegen gjekk ganske høgt oppe i lia her, ovafor dagens Rv-9. Det er også avdekka eit gamalt gardsanlegg, med sikre tufter og mange rydningsrøyser, i bruk i vikingtid og mellomalder. I gards- og ættesoga for Valle er det lagt til grunn at Skorpetveit opphaveleg var ein sjølvstendig gard. Dreng Skorpetveit skal ha budd på garden på slutten av 1500-talet. Han skal ha kome i konflikt med Vonde-Åsmund Rygnestad. Vonde-Åsmund oppsøkt Dreng med væpna menn. Det enda med at Dreng drukna i Otra då han flykta frå Vonde-Åsmund. Fossen sør for garden, Drengsfossen, skal ha fått namn etter denne hendinga.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...