Hopp til innhald

Lars Bristol: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 25| fmåned = 8| får = 1848| ddag =1 | dmåned =2 | dår =1924 }}
{{Person | bilde = Page 27-2.jpg| bildetekst = Lars Bristol, 1895. {{Byline|Faksimile fra Egde nr. 2/2012| fdag = 25| fmåned = 8| får = 1848| ddag =1 | dmåned =2 | dår =1924 }}
'''Lars Bristol''' (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen [[Breistøl]] i [[Hornnes]] og døydde [[1. februar 1924]] i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren [[Nils Olson Breistøl]] og [[Ingeborg Nottosdotter Breistøl]].  
'''Lars Bristol''' (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen [[Breistøl]] i [[Hornnes]] og døydde [[1. februar 1924]] i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren [[Nils Olson Breistøl]] og [[Ingeborg Nottosdotter Breistøl]].  



Versjonen frå 22. februar 2023 kl. 09:49

{{Person | bilde = Page 27-2.jpg| bildetekst = Lars Bristol, 1895.

Foto: Faksimile fra Egde nr. 2/2012

Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl) var oppfinnar og forretningsmann. Han var også ein dyktig fotograf. Han var fødd i 1848 på husmannsplassen Breistøl i Hornnes og døydde 1. februar 1924 i London. Han var son til den vidkjende børsesmeden og bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl og Ingeborg Nottosdotter Breistøl.

Lars var svært evnerik, og blei tidleg i livet lagt merke til. Han kom til Horten marineverkstad og var der i seks år. Seinare reiste han til Newcastle og arbeidde på ein våpenfabrikk i sju år. I 1879 kom han til Sir Joseph Swans elektriske forretning i London. Swan var ein mykje kjend vitskapsmann, som konkurrerte med Thomas Alva Edison om å vere oppfinnaren av glødelampa. Under arbeidet hos Swan kom Lars til å studera elektrisiteten meir inngåande, og gjorde fleire oppfinningar som han fekk patent på. Nokon meiner Lars Bristol var den eigentlege oppfinnaren av glødelampa òg, men at namnet hans forsvann i striden mellom dei to verdskjende Edison og Swan.

Ei av oppfinningane til Lars Bristol var ei elektrisk gruvelampe. I 1885 starta han forretninga The Bristol Electric Safety Lamp Werks. Her hadde han opp mot 80-100 mann i arbeid på det meste.

Då Lars blei eldre, gjekk det tilbake med forretninga hans. Det kom nye oppfinningar som gjorde ho mindre lønsam. På hausten i 1923 vart han overkøyrd i London og døydde altså der 1. februar 1924. Han var ugift, og hadde ikkje etterkomarar.

Kjelder

Eksterne lenker