Geir Magne Feed: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Geir Magne Feed
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Line 6: Line 6:


==Heder==
==Heder==
I 2012 fekk han LOS-fondets ildsjelpris for sin innsats som trenar, løypekjørar, leiar av [[Høgås skianlegg]] og tusenvis av dugnadstimar for [[Otra IL]]. LOS-fondets ildsjelpris delte han med [[Geir Dåsvatn]]. Begge fekk eit kunstverk av Per Fronth som dei kunne behalde. I tillegg fekk dei 25.000 kroner som dei kunne gje til ein aktivitet dei sjølv kunne velje.
I 2012 fekk han LOS-fondets ildsjelpris for sin innsats som trenar, løypekjørar, leiar av [[Høgås skianlegg]] og tusenvis av dugnadstimar for [[Otra IL]]. LOS-fondets ildsjelpris delte han med [[Geir Daasvatn]]. Begge fekk eit kunstverk av Per Fronth som dei kunne behalde. I tillegg fekk dei 25.000 kroner som dei kunne gje til ein aktivitet dei sjølv kunne velje.


==Kjelder==
==Kjelder==

Versjonen frå 7. januar 2013 kl. 20:46

Geir Magne Feed (fødd 1957) er rektor på Evjetun leirskole, der han vart tilsett våren 2003. I fritida er han ei eldsjel for fysisk fostring gjennom Otra IL. Han har godt og vel 1300 dugnadstimar i året for Otra IL, 1000 av dei er i skiløypene, særleg på Høgås.

Alt som 16-åring tok han til som skitrenar i Sirdal. Sidan har han vore trenar rundt om i landet, han var kaptein med 24 års teneste som idrettsoffiser i Forsvaret, dei fleste åra på Evjemoen, der han var frå 1979 til 1981 og deretter frå 1989 til leiren var lagd ned i 2003. I tillegg til befalsutdanning har han trenarutdanning frå Norges Idrettshøgskole og den høgaste langrennstrenarutdanninga innan Norges Skiforbund. Diplomoppgaven hans var innan tema Treneren og heitte Trenerloggbok.

Frå 1987 – 2001 var han trenar for det militære landslaget i både langrenn og skiskyting. Både Thomas Alsgård, Anders Aukland, Ole Einar Bjørndalen, Lars Berger og Odd Bjørn Hjelmeset har vore elevane hans. Dei siste 20 åra har han leia fellestreningar kvar måndag frå haustferien til påske i Otrahallen der han instruerer rundt 100 personar i alle aldrar.

Heder

I 2012 fekk han LOS-fondets ildsjelpris for sin innsats som trenar, løypekjørar, leiar av Høgås skianlegg og tusenvis av dugnadstimar for Otra IL. LOS-fondets ildsjelpris delte han med Geir Daasvatn. Begge fekk eit kunstverk av Per Fronth som dei kunne behalde. I tillegg fekk dei 25.000 kroner som dei kunne gje til ein aktivitet dei sjølv kunne velje.

Kjelder

Eksterne lenker